Tru og overtru i kongehuset « minerva

Prinsesse Märtha trur på englar og snakkar med dei døde. Dette skal visstnok gjere ho uskikka til å arve trona. Har nokon reflektert over at kong Harald og kronprins Haakon trur på jomfrufødslar, oppstode frå grava og evig liv?

Heilt sidan det vart kjent at prinsesse Märtha – nummer fire i arverekka til den norske trona – meiner ho kan snakke med dei døde, har det ikkje mangla på kritiske kommentarar. Biskopar i Den norske kyrkja har kritisert prinsessa i harde ordelag, «kongehusekspert» Carl-Erik Grimstad er sjølvsagt djupt kritisk, og i følgje VG meiner 30 prosent av folket at Märtha burde seie frå seg prinsessetittelen. Det heile toppa seg tysdag 14. september då sjølvaste Snåsamannen gjekk til frontalangrep på prinsessa – igjen via VG – og kunne fortelje at det er «umulig» å snakke med dei døde.

Korleis i alle dagar har vi skikka oss slik at vi i 2010 lever i eit samfunn der statsleiaren er pålagt ved grunnlov å tru på jomfrufødslar, himmel og helvete, medan dottera til statsleiaren vert sett i gapestokk for å tru på noko som er minst like usannsynleg?

Ein kan seie mykje om eit slikt samfunn, men det er i alle fall ikkje særleg liberalt.

Les resten av artikkelen på minerva.as